Motsetnaden mellom seksuell frigjering og kulturell kreatitivet


Utsnitt frå Pitirim A. Sorokin: Den amerikanske sexrevolusjonen
(Omsett av Olav Eide og gitt ut på Eige forlag, 6815 Bygstad, 1998.)



SEXUALISERINGA AV AMERIKANSK KULTUR

Gjennom dei to siste hundreåra, og serleg dei siste få tiåra, har alle sider ved vår kultur vorte invadert av sex. Vår sivilisasjon har vorte så oppteken av sex at den no siver gjennom alle porane i amerikanske liv.

Likegyldig kva emne i vår kultur som vert vurdert, så er den pakka inn med sexforføring. Denne veldige totaliteten bombarderer oss kontinuerleg, frå vogge til grav, frå alle kantar av vårt livsrom, til nesten kvart trinn av vår aktivitet, kjensle og tenkjing. Om vi slepp unna å verta rørd av slibrige litteratur, kan vi verta vekka av poppsangarar. eller av den nye psykologien og sosiologien, eller av undervisinga om dei frreudianske falske religionane. eller av radio- fjernsyn- underhaldning. Vi er fullstendig omringa av det stigande tidevatnet av sex som oversvæømmer alle delar av vår kultur, alle sider av vårt sosiale liv. Med mindre vi utviklar ein indre immunitet mot desse libidinale (vellystige) kreftenne, er vi dømdeil å verta overvunne av det kontinuerlege presset av ein gigantisk arme av alle stader nærverande sexstimulans.

Kreativiteten

Ein høyrer ofte sagt at sexavkoplingar er naudsynte og gagnlege for inspirasjonen og prestasjonen til poetar, musikarar, artistar, aktørar, oppfinnarar, byggarar av store politiske og økonomiske imperier, skapande lærde, vitskapsmenn og filosofar, jamvel for moralske og religiøse leiarar. For å styrkje desse argumenta vert det vist til den noko utsvevande oppførselen til Cellini, Boccaccio, Ovid, Horace, Villon, Mozart. Schubert, og nokre få andre.

I kva grad er denne teorien gyldig? For det fyrste har ingen enno prova at desse, eller nokre andre geni, vart skaparar på grunn av sexeventyr. Ingen har prova at desse eventyra jamvel var medverkande ved utfaldinga av deira skapande potensiale. Tvert imot, anten døydde nokre av desse genia for tidleg eller vart alvorleg skadde ved verknadene av sine seksuelle avvik. Den tidlege dauden til Schubert skuldast for ein stor del venerisk sjukdom; landsforvisinga av Orvid var delvis valda av hans samlivsforhold; den for tidlege dauden ved duellering av to av Russlands sterste poetar. Pushkin og Lermonov, var resultatet av aktivitetane til andre utsvevande personar, av deira eigen tilfeldige sex. og av utruskapen til Pushkins kone; det nervøse samanbrotet til den påstådde homoseksuelle Tchaikovsky fylgde hans forhasta og dumme ekteskap; den for tidlege avsluttinga av den litterære kreativiteten til Oscar Wilde var valda av hans homoseksualitet; dei ulovlege forholda til Mozart, Chopin, Pergolesi og mange andre hadde klart skadelege verknader på deira artistiske liv; desse og hundrevis av liknande døme klart provar dei skadelege verknadene av tilfeldig sex på kreativiteten til musikarar. artistar og forfattarar.

For det andre. har sexeventyra til bohemane vorte overdrevne. Vi må ikkje gløyrna at mange av mennene hadde deira forhold i ein tidleg periode av deira liv.

For det tredje, er denne populære teorien avgjerande tilbakevist av det faktum at ein overveldande majoritet av skapande geni har vore anten fullstendig normale i deira seksuelle aktivitet elelr har jamvel vore asketar eller halv-asketar: Pythagoras, Sokrates, Platon, Archtas, Aristoteles, Euclid, Plotinus, Archimedes, Hesiod, Aechylos, Sofokles, Feidias, Varro, Copernicus, Newton, Alberus magnus, St. Thomas Aquinas, Palestrina, Victoria, J.S. Bach, Dante, Bethoven, Kant, - desse og ei veldig rekke av skaparar i den vestleg kulturen var i deira sexliv anten normale frå standpunktet til dei avslørande standardane til deira samfunn og periode, eller dei var meir måtehaldne enn sine samtidige.

Med omsyn til religiøse skaparar og store moralske leiarar, har dei vore anten asketiske, lik dei fleste av munkane, eller vore måtehaldne eller halvt-måtehaldne etter byrjinga av deira religiøse og etiske kreativitet, lik Buddha, Al Ghazzali og Gandhi. Det er ikkje eit tilfeldig samantreff at måtehald er sett på som eit naudsynt vilkår for fruktbart leiarskap av dei fleste munkeordenane både i aust og vest, ved dei mektige staumningane i hinduismen og buddismen, ved jainisme og sufisme, ved tidleg middelaldersk og romersk katolsk kristendom, ved mange åndelege lærarar (spiritualis pate, guru. sheikh) som byrjar med den gamle Yoga guru og ender med Gandhi. Sri Aurobindo, og andre leiarar av ny tid. Dei fleste av desse kravde reinleik. ikkje med føremålet å torturera kroppen eller sikra frelse for sjela, men som eit naudsynt vilkår for å oppnå den høgste spiritualiteten.

Ikkje mindre avgjerande er misoppfattinga tilbakevist med det faktum at utsvevande personar sjeldan, om nokon gong, har vorte store på noko område av skapande aktivitet. Berre sex er korkje eit tilstrekkeleg eller eit fordelaktig vilkår for å skriva eit dikt, komponera eit musikkstykke. måla eit bilete. eller oppnå noko som helst anna vesentleg mål. Grunnane til dette er klare. Kva som helst framståande storverk krev lang trening, uthaldande arbeid, og konsentrasjon. Thomas Edisons konstantering var at hans oppfinningar skuldast 10 prosent inspirasjon og 90 prosent sveitte er brukbar i det store og heile for alle skaparverk. Resultatet er at lite tid og energi kan verta nytta til forfylgjing av spanande seksuelle trillarar. På den andre sida. når eit individ lever for heilt å metta sin lidenskap, har det korkje tida. eller energien. eller krafta til naudsynt konsentrasjon for utvikiinga av det skapande potensialet.

Unwins studiar

Av fleire studie av formene for seksualliv mellom førlitterære folk, er J. D. Unwin's Sex and Culture (Oxford University Press, 1934) kanskje den viktigaste

Etter omhyggeleg analysering av ei stor mengd av ritar og livssyn til førlitterære og historiske folk, fann Unwin fire store
mønster for menneskeleg kultur: ( l) zoistisk kultur den mest primitive, som har ingen tempel, ingen prestar, ingen rituale etter gravferd, ingen ritar som skildrar dei viktige krisene i menneskelivet, heller ingen klare eller utdjupa livssyn på kreftene som styrer universet: (2) manistisk kultur, som har rituale etter gravferd og nokre andre rituale og eit slag svak tru på høgare makter: (3) deistisk kultur. som har tempel. prestar, utdjupa etter-gravferd og andre rituale, og eit nokså samanhengande system av livssyn på høgare makter i universet: (4) rasjonalistisk kultur, som har eit godt utvikla og logisk system av forestellingar om universet med sine makter, og eit rasjonalistisk sett av ritar eller sermoniar som markerer dei viktige hendingane i både individuelt og sosialt liv: berre folka av den siste utviklinga er strengt "kulturelle". Dei zoistiske, manistiske, deistiske og rasjonalistiske typane vert synt av Unwin å henge saman med fleire andre kulturelle og sosiale vilkår.

Etter såleis å ha definert desse fire mønster på kultur, identifiserer Unwin folk i samsvar med karakteristikkane av deira kultur, og då vender merksemda hans til slag seksualliv som rår mellom desse samfunna. Hans hovudkonklusjonar er fylgjande: Førekteskapeleg og utanomekteskapeleg seksualfridom minkar ved overgangen frå den zoistiske til den rasjonalistiske kulturen.

Mellom zoistiske folk finn vi den største fridomen: dei manistiske samfunn syner allereie noko avgrensing i førekteskapeleg og utanomekteskapeleg samliv; deistiske folk viser ei endå større avgrensing og strengare regulering; endeleg, førekteskapeleg reinleik og einegifte, monogami etter ekteskap, har vorte kravd og påtvinga av rasjonalistiske samfunn som desse til Egypt, Sumeria, Babylon, Hellas, oa .

Ser ein saka frå ein annan ståstad, vert reduksjonen i seksuell fridom fylgd av ei heving i kulturell kreativitet. Av 59 undersøkte førlitterære samfunn, der unge menn og kvinner var tilletne førekteskapeleg fridom, tenderte deira mentalitet på å innretta seg etter ei zoistisk livsform. Om dei vert tvinga til å godta tilfeldig måtehald er deira mentalitet forma inn i ei deistisk livsform. Endeleg, om det ved sida av førekteskapeleg måtehald, vert kravd monogamt truskap, serleg av kvinner, tenderer mentaliteten til samfunnet å verta rasjonalistisk.

Siviliserte samfunn som har den strengaste avgrensa seksualfridomen, har utvikla dei høgste kulturane. I heile den
menneskelege historia er det ikkje funne eitt einaste tilfelle der eit samfunn avanserte til den rasjonalistiske kultur utan at kvinnene vart fødde og styrde inn i eit strengt mønster med truskap til ein mann. Vidare, er der ingen døme på samfunn som har halde på sin høge posisjon på den kulturelle skalaen etter at mindre strenge seksuelle skikkar har kome i staden for dei meir restriktive. Då den seksuelle fridomen til dei teutoniske stammane vart avgrensa, under innflyting av kristendomen, var denne restriksjonen ei av dei viktigaste kreftene som påverka den etterfylgjande kulturelle framgangen. Og når dei polygamiske maurarane i Spania gifte seg med monogame kristne og jødiske kvinner, avanserte dei frå ein deistisk til ein delvis rasjonalistisk kultur .

Unwin finn at babylonarane, egyptarane, athenarane, romarane, dei tidlege arabarane, og anglosaksarane hadde eit strengt monogami under den tidlege perioden av deira sosiale ekspansjon og kulturelIe og intellektuelle vekst. Seksuallivet var avgrensa til ekteskapet, og skikkane var kyske og måtehaldne. Brot på den føreskrevne regelen for oppførsel dukka opp no og då, sjølvsagt, men dei var få, og vart einstemmig mislika og alvorleg straffa. Desse avgrensingane i seksualaktivitet tillot slike samfunn til å akkumulera ein enorm reserve i sosial energi som fann sitt utløp i kreativ vekst, - intellektuell, estetisk, religiøst og sosialt. Difor dukkar det opp ein kraftig ekspansjon i desse samfunna, fylgd av ei forbløffande evne til å forsvara seg mot deira fiendar.

Med ekspansjonen og veksten av desse samfunna vart likevel dei strenge reguleringane for seksuallivet gradvis skifta ut med svakare normar. Seksualfridom utvikla seg til å omfatta heile samfunnet, eller gjekk over til anarki. Koner og barn vart frigjorde frå den absolutte makta til pater familia, og deira nyvunne likestelling hang saman med ein seksuell fridom. Men, innan tre generasjonar byrjar den kulturelIe og sosiale kreativiteten til desse samfunna å minka.

Dette intervallet mellom utviklinga av seksuell fridom og forfallet i kreativitet skuldast det faktum at unge treng tid til å verta heilt sosialisert i det nye mønsteret av åtferd. Deretter held forfallet fram, hand i hand med ekspansjonen av seksualfridommen.Likevel, om seksualanarkiet vert stansa, og skifta ut med nye restriksjonar, kan prosessen av forfall stansa innan eit hundreår eller så, og kan verta avløyst av ein kulturell og sosial renessanse. Når den ikkje vert stansa, vert forfallet av samfunna snart ugjenkalleleg og fører til deira historiske undergang.

Med uendra monotoni har denne syklusen vorte gjenteken mange gonger . 

 

Jfr. Mellom natur og kultur

Tilbake til forsiden...