-
Vestlige land begår kollektivt selvmord
Arne Rudvin åtvarar mot å misforstå islam. Men han åtvarar også mot
å ikkje ta islam på alvor.
Av Tore Hjalmar Sævik, Dagen 26.7.02
Rudvin har budd i Pakistan i 43 år, og er også pakistansk statsborgar. Størsteparaten
av tida med heiltids aktiv teneste i landet var som biskop i Karachi.
- No er situasjonen den at dei vestlege landa tek kollektivt sjølvmord over
tid ved at det vert fødd så få barn. Difor treng ein innflyttarar som kan
ta seg av dei som vert gamle, seier Rudvin, og nemner konsekvensar.
- Dette fører til at gamle kristne land vil få store og aktive grupper av
muslimar. Desse gruppene vil også vekse fordi muslimske familiar får mange
barn. Ein del av desse er også ivrigare muslimar her enn dei var i
heimlandet.
Den siste religion
Den pensjonerte biskopen meiner det no er på tide å ta islam alvorleg.
Ein grunn til det er at minoritetar av muslimar kan verte majoritetar i
enkelte europeiske land, dersom folketalsutviklinga held fram som no. Han
understrekar også at islam er ein misjonerande religion, og at det er ein
vanleg tanke i muslim-verda at det er religionen til den som har makt som er
gjeldande:
- Muslimane reknar islam som den siste og fullstendige religion, og at han
er fullkomen både for religiøst liv, familieliv og politisk liv. Større
minoritetar vil presse på for å få auka innverknad.
Rudvin sier at det er vanskeleg å vere ein sekulær muslim, og at det på
grunn av familiens sterke makt ikkje er lett for ein muslim å bli kristen:
- Ein truande muslimsk familie vil sjå på ein som har blitt kristen som
ein fortapt. Det at familien er sterk er jo ein god ting, og det er
eigentleg av omsorg dei ikkje vil at nokon skal bli omvend.
For ein del resulterer likevel denne omsorga i at omvending til kristen tru
får svært store konsekvensar.
Få omvende
Rudvin ser også andre grunnar til at få muslimar vert omvende til kristen
tru.
- Ein ting som ein ikkje har rekna med er at det er svært sterke åndsmakter
i islam. Allah, Muhammed, Koranen og Sharia representerer åndsmakter som
gjer at islam har eit sterkt tak på menneske. Størstedelen av islam er også
opne for det okkulte. Også dette bind menneske sterkt.
Rudvin legg til at det også finst mindre grupper innanfor islam som ikkje
vil ha noko med okkultismen å gjere.
Terror
- Moderne rørsler som har stått for terrorverksemd har representert
eit svært lite mindretal innanfor islam. I Pakistan er det under fem
prosent av folket som har støtta desse, seier Rudvin. Men han fortel at
denne greina innanfor islam har vakse dei seinare åra, særleg takka vere
skular som Saudi-Arabia stør økonomisk.
- Her vert det lagt meir vekt på politikk, og mange har sterke meiningar og
stor offervilje. Dette kan skape konflikter også på verdsbasis. Enkelte
myndigheiter har forsøkt å redde dette. Mellom anna har ein del vestlege
leiarar gått ut og sagt at islam betyr fred. Men islam betyr underkasting
under Allah og hans Sharia.
Feilslått spådom
Ifylgje Rudvin var det for 50 år sidan mange som trudde at
sekulariseringa ville øydelegge islam som politisk maktfaktor.
- Desse tok feil.
- Resultatet var at kristendomen vart sett ut av spel, samtidig som islam
fekk større innverknad i muslimske samfunn og hinduismen fekk meir å seie
i India, seier Rudvin. Han understrekar vidare at muslimske leiarar no til
dels har teke eit oppgjer med korelis jihad-omgrepet vert nytta av einskilde
grupper, og meiner at dette må gjerast i større grad.
- Ein skil mellom den store jihad, det vil seie krigen kvart menneske har
mot det vonde i seg sjølv, og den vesle jihad, som er ytre krig. Den
einskilde muslim har ikkje rett til å erklære krig, dette er islamsk lov.
Dei fleste muslimske leiarar oppmuntrar ikkje til sjølvmordsbomber,
unnateke i Israel-Palestina-konflikten. Men det ser ut til at denne
framgangsmåten har smitta og auka.
- Kva skal kristne her i landet gjere?
- Kravet til oss er å elske nesten vår. Også ein muslim er vår neste.
Ein veksande motvilje mot muslimar, som kan få rasistiske overtonar, vil
gjere sakene verre. Vi må vise at vi vil det beste for dei, seier Rudvin,
og legg til at han også ser mulege allisansar med muslimar i kampen mot
abort.