Anklageskrift
mot norsk skole
Av Bernt Hagtvet. Dag og Tid 17. august, 2002
Jon Hustad:
Skolen som forsvann.
Eit essay om krisa i den norske skolen
Samlaget
Kvifor er det så mykje bråk i den norske skulen? Og kvifor må elevane
læra så lite?
Med desse to enkle spørsmåla innleier Jon Hustad ein knyttneve av ei bok.
Det er ein pamflett av den klassiske sorten, fyld av heilag harme,
forvitneleg i det polemiske nedslaget - men også med eit underlag av
dokumentasjon som gjer ho uavviseleg som innlegg i ein viktig debatt. Fell
denne boka til jorda utan toreskrall, har vi ikkje noko debattrom att i
dette landet. Eg vil oppmoda forlaget om å senda boka til heile
Utdanningskomiteen i Stortinget og til noverande fagstatsråd.
Omsorgspedagogikk
For Hustad legg ikkje opp til ikkje noko mindre enn eit generaloppgjer
med eit halvt hundreårs skulepolitikk i dette landet. Vil ein iføra seg
stasklede, kunne det seiast at Hustad øver sivilisasjonskritikk mot heile
den norske mentaliteten i skulespørsmål, det anti-intellektuelle harakiri
som har prega heile etterkrigstida i norsk skule. Hustad legg ikkje skjul på
at det største nedrivingsverket må skulestatsråd i Brundtland-regjeringa,
Gudmund Hernes, svara for. Men han dreg linene lengre bakover. Dei største
steinane kastar han mot det han kallar den progressive-romantiske norske
pedagogikken som såg på borna som sarte sjeler som måtte vernast mot
krav, og som insisterte på at pugg, krav og grensesetjing var skadeleg. På
det viset braut skulepolitikarane i Arbeidarpartiet ned lærarautoriteten,
og Hernes reduserte læraren til ein passiv utøvar av statlege
forvaltningskrav.
Dilleskule
Slik vart det skapt ein klientskapande dilleskule med mellom anna mykje
bruk av prosjektarbeid som i røynda mest vert utveksling av fåkunne. Å
svekka klasseromsundervisinga, å innføra anti-autoritære arbeidsformer
som gruppearbeid og prosjektarbeid, stutt sagt å introdusera eit
fridomsomgrep som paradoksalt nok var tilpassa ungdom frå ressurssterke
heimar der disiplin kom inn med morsmjølka, det leidde til, ja, som Mosse Jørgensen
sa det: «ein stad å vera». Det var i følgje Hustad denne skulen som i
sin tur tok frå dei skulesvake borna evna til å utvikla sjølvdisiplin og
gje dei gode basiskunnskapar. Dei denne skulen skulle hjelpa, har han
svikta. Det er tragedien for Hustad.
Dette er eit kjernepunkt. Det går ikkje nok ein gong å freista
ufarleggjera denne kritikken gjennom bruk av billig retorikk om at alle
skulekritikarar av Hustad si type er elitistar. Det er å gjera det særs
lett for seg. Med eit omgrep frå maktutgreiinga til Gudmund Hernes ser vi
her paradedømet på handlingane sine utilsikta følgjer. Det er presis
dette paradokset som Hustad vil forklara.
Nedgåande kurve
Hustad sitt essay fell naturleg i tre bolkar. Fyrst diagnosen: sviket
mot kvaliteten og alt det blår som vert kasta i augo til elevane. Dernest
kjem årsaksforklaringane. Dei er av to slag: Den første er den
tonesetjande pedagogikken, der namn som Eva Nordland, Edvard Befring, Mosse
Jørgensen og Erling Lars Dale er målskiva i Noreg, medan namn som
Rousseau, Freud, Dewey og Piaget frå den internasjonale scena også blir
trekte fram.
Deretter rettar Hustad skytset mot Arbeidarpartiet og Gudmund Hernes sine
1990-tals reformer. Det er ein nedgåande kurve, i fylgje Hustad.
Den største steinen slyngjer han mot Arbeidarpartiet. Ved å erstatta
folkeopplysningsskulen med ein omsorgs- og oppsedingsskule gjorde
skulepolitikarane i dette partiet - med god hjelp frå andre parti - alle ei
bjørneteneste, og frårøva ein heil generasjon ein skikkeleg skulegang.
Det er her smerteskriket kjem klårast fram. Hustad skriv om korleis den
akademisk utdanna lektoren meir og meir er blitt skvisa ut or skulen,
erstatta av allmennlæraren som tok over ungdomsskulen frå adjunktane, med
vitande og vilje frå Arbeidarpartiet sine skulepolitikarar. Om korleis løn
og arbeidstilhøve allment har teke sikte på å fortelja lektorane at dei
eigentleg ikkje høyrer heime i det som no heiter vidaregåande. Om korleis
rop om fagleg forfall har møtt døve øyre. Om nedbrytinga av respekten for
arbeid og kunnskap.
Skulen var ein lekk i eit historisk prosjekt frå arbeidarrørsla: å skape
ein alternativ kultur, bort frå individualisme og konkurransementalitet.
Litt fandenivaldsk kunne ein seia at det partiet ikkje fekk til i økonomien,
eller gav opp der, skulle no skulen få unngjelda for. Alle reformene hadde
eitt siktemål: vekk med differensiering og skilnader. Slike skilnader kalla
Reiulf Steen for «apartheid». Kvalitetskrav vart ofte kalla «akademisk
snobberi».
Utfallet var klårt: Der ein norsk artium for 30 år sidan gav fritak for to
år i amerikansk college, er det no usikkert om artianarar (som ikkje heiter
det lenger) i dag i det heile kan byrja som «freshmen». Det er skjedd eit
katastrofalt fall. Og det er skjedd forunderleg støyfritt.
Råkar universiteta
For eigen del kan eg tilføya: Resultata ser vi også no på
universiteta, der grunnkunnskapane er i fritt fall og der krona skal setjast
på verket neste år i det som med ei fantastisk tildekkjande omskriving
heiter «kvalitetsreforma». Det verste med mykje av den ungdomen som kjem
til universiteta, er at dei intellektuelt er som kalka graver, utan driv,
utan spørjelyst, utan arbeidsdisiplin. Dette er eit kulturproblem for Noreg.
I reint sjølvforsvar bør universiteta no innføra opptaksprøver.
Men lat no denne triste sluttsteinen liggja. Lat det berre vere sagt at her
er ein indre samanheng. Det gjer analysen til Hustad enda meir påtrengjande.
Han burde laga eit nytt essay om universiteta. Kjem han til meg, skal vi
lage eit godt daudebrygg saman!
Likevel: Det må seiast at Hustad i polemisk sinne ikkje går nok inn på
det gode Arbeidarpartiet har fått til. Kostnadene har vore store, men at så
mange fleire har fått eit visst mon av kjennskap til universitetsstudiar er
ein klår sivilisasjonsvinst. I eit demokrati er det umogleg å halda store
grupper av samfunnet ute frå høgare utdanning gjennom for høge krav.
Hustad burde ha freista å ta for seg om denne demokratiseringa kunne ha
vore gjennomførd med ein klårare kvalitetssans.
Visjonar til kva?
Sosiologen Gudmund Hernes sat som skulestatsråd i seks år, frå 1991
til 1997. Aldri har så mykje vorte endra i norsk skule på så kort tid av
ein person. Gudmund Hernes hadde mål og handlekraft som få, det skal ingen
ta frå han. Men, spør Hustad, visjonar til kva?
Det som set Hustad i gang, er det vindskeive tilhøvet mellom ressursar og
resultat i den norske skulen. Noreg brukar enorme ressursar på skulen.
Likevel er resultata yttarst middelmåtige. I fag etter fag - matematikk,
grammatikk, norsk, historie, lesekunne - dokumenterer Hustad forfallet. Som
overskrift set han eit sitat frå Kristin Halvorsen: «Skole er naturstridig».
Det er symptomatisk for den norske haldninga til kunnskap og disiplin.
I ein internasjonal studie av lesekunne kjem til dømes Noreg på 13. plass
av 31 land. Hustad siterer OECD-undersøkinga PISA som burde gjera
reformpedagogane enda meir tenksame. Hustad siterer også sosiologiske
undersøkingar som konkluderer med at hovudsiktemålet for
Arbeidarpartiskulen, sosial utjamning, ikkje er nådd. Under ein femtedel av
dei som har foreldre med låg inntekt, kjem til å få ei form for høgare
utdanning. Effekten av kulturell kapital frå heimen ser ikkje ut til å ha
minska. Hustad kommenterer ironisk: «Dette er altså det Gudmund Hernes
fekk til. Sjeldan har ein mann gjort så mykje for så mange for så lite.»
Prügelknabe Hernes
Hustad peikar altså på reformene til Hernes som den hovudskuldige for
dette forfallet. Dette viser på nytt at sjeldan har ein utdanningsstatsråd
vore så kontroversiell og upopulær som Hernes vart. Kor rettferdig er det?
At Hernes gjennomførde reformene i lyntempo på 1990-talet, at han ofte
vart skulda for autoritære haldningar og for å kutta hjørne i høyringsprosessane,
er velkjent. Men dette kan like godt sjåast på som handlekraft - mange av
reformene var overmogne, til dømes rasjonaliseringa av høgskulesystemet.
Og det som Hustad ikkje får så godt fram i polemikken sin, er at Gudmund
Hernes ikkje kan klandrast for å stå for ein klam omsorgspedagogikk. Her
braut han med mange rådande dogme innanfor sitt eige parti. Eg sat sjølv i
Hernes-utvalet i 1987-88, og det er heilt klårt at Hernes såg kvaliteten i
det norske utdanningssystemet som eit hovudproblem, derunder lærarutdanninga.
Her flyt Hernes sin kritikk av nivået i lærarutdanninga, tendensen hjå
studentane til å velja bort arbeidskrevjande fag, dei store strykprosentane,
synet på pedagogikk som primært omsorg osb. saman med kritikken hans av lærarorganisasjonane.
Enno sit denne bitre kjensla att (jamfør Hustad-intervjuet med Hernes i
siste Prosa, tidsskriftet til Norsk Faglitterær Forfattarforeining). Måtte
denne konflikten koma?
Provoserande
Det store paradokset her er at Hernes la seg ut med kjernetroppane i
prosjektet hans, dei som skulle leia reformene. At han her var meir
umusikalsk enn naudsynleg, får Hustad godt fram. Lærarane vart rasande på
tvisynet i reformene: På den eine sida dei gode orda om kvalitet og læraren
som sivilisasjonsformidlar og læringsautoritet. På den andre sida den
openberre tvilen på kompetansen deira, kontroll-lina, byråkratiseringa,
den harde målstyringa og ovanfrå og ned-haldninga som gjorde ei sjølvstendig
lærarrolle til ein parodi.
Men Hustad har eit problem her. For på den eine sida er han nådelaus i
omtalen av kvaliteten i skulen - og der må jo lærarane ta sin del av
ansvaret, sjølv om dei vart reduserte til byråkratar - og på den andre
sida kritiserer han Hernes like nådelaust for haldninga hans til dei same lærarane
for at dei var for dårlege fagleg. Eg meiner å sjå eit uavklåra punkt
her som Hustad med dette vert oppmoda til å drøfta nærare.
Maktutgreiar og statsråd
I kapitlet «Så kom Gro» skriv Hustad ei rekkje interessante ting om
tilhøvet mellom Hernes som maktutgreiar og Hernes som skulestatsråd.
Hernes meinte at heile det norske politiske systemet hadde vorte pervertert
gjennom organisasjonane, som stod der som bremseklossar og heile tida dekte
seg med at dei hadde interessene til elevane for augo. Svaret var å sjalta
mest mogleg av organisasjonane ut av skulen. Difor kom den auka politiske
kontrollen med skulen, auka dokumentasjonsplikt, fleire administrative
tilsette, i det heile det weberianske jarnburet og den teknokratiske
grunnhaldninga. Spriket mellom godorda i læreplanane og dagleglivet i
skulane vart oseanisk. Ser ein gjennom bakspegelen, må det vera lov å seia
at sosiologen Hernes burde ha føresett dette.
Og til sist: Som Hernes sa det i Maktutgreiinga, er dei uføreseielege
konsekvensane dei mest interessante. Den vekta Hernes positivt la på fridom
i val av studieveg, leidde til ei rekkje perverterte effektar: Vel sju år
etter Reform 94 mangla Noreg over 14.000 handverkarar, og rektor ved Sogn
vidaregåande skule i Oslo fortel at han må leggja ned ei rekke yrkesførebuande
liner fordi elevane heller vil gå på allmennfag eller estetiske fag.
Hustad: «Alt dette på tvers av Hernes' eigne ambisjonar og på tvers av
sunn fornuft».
I den polemiske trakta til Hustad har alle skulekritikarane som har opplevd
forfallet i den norske skulen, fått sitt skrift. Nokon endeleg dom av
Hernes sin epoke kan ikkje koma før hovudpersonen sjølv skriv sine
memoarar. Kan han lata vera etter dette?
Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap, UiO