Religiøse retter krenkes
Av Kari Fure, Dagen, Bergen 18.10.03
..
- I Vesten har vi stor sympati for dei politiske rettane til folk i autoritære
regime. At dei religiøse rettane til menneska i desse regima også blir
krenka, er det derimot lite engasjement rundt, registrerer Johannes Østtveit.
- Men: Kvar er engasjementet når 5.000 kristne blir drepne i Indonesia, til dømes?
spør han. - I norske aviser vart dette berre notisar.
- Og kvifor høyrer vi så lite til FNs spesialrapportør for religionsfridom?
Den tidlegare stortingsrepresentanten for KrF tok i 1999 initiativ til Forum
18, ein organisasjon som har som mål å kjempe for at artikkel 18 om
religionsfridom i FNs menneskerettsfråsegn, blir respektert. Denne veka
innleia han ein kommentarserie på Forum 18 News Service. Her argumenterer han
for at religionsfridomen er blitt den gløymde menneskeretten.
Johannes Østtveit har hatt eit brennande engasjement for forfølgde kristne
heilt sidan han som stortingsrepresentant på 1970-talet møtte dei første
austeuropeiske kristne som vart utviste til Vesten.
- Gjennom Misjon bak jernteppet fekk eg møte menneske som hadde vore i dei
sovjetiske arbeidsleirane, i Gulag-arkipelet. Dette var menneske med stor
integritet, som hadde lide for trua si og som eg kjende eit nært åndeleg
fellesskap med. Dei gjorde eit uutsletteleg inntrykk, fortel han til Dagen.
Då muren fall, og Sovjetunionen gjekk i oppløysing, håpa mange at
religionsfridomen skulle få betre kår i aust. Dette skjedde berre delvis. Både
i dei tidlegare Sovjet-statane og i mange andre land skjer det framleis grove
brot på retten til å tru.
- Framleis er det svært vanskeleg for truande i aust å samlast og utøve
religionen sin. Mange stader er det forbode å ha bønemøter i heimane. Av
dei tidlegare Sovjet-statane er Turkmenistan og Kviterussland verst. I
kommunistiske Kina, Vietnam og ikkje minst Nord-Korea er det endå verre. Her
blir menneske forfølgde, fengsla, torturerte og drepne for trua si.
- I den muslimske verda er problemet at menneske ikkje har rett til å skifte
tru, held Østtveit fram.
- Praksisen med forbod mot konvertering er no i ferd med å spreie seg til
hinduistiske og buddhistiske land.
Retten til å tru, tilbe, vitne og samlast, så vel som retten til å skifte
religion, er nedfelt i ei rekkje internasjonale konvensjonar.
- Trusfridomen er ein grunnleggjande demokratisk verdi. Sett på spissen er
USA grunnlagt av religiøse flyktningar frå Europa, seier Østtveit.
-
- I det sekulære Vesten er ein imidlertid i ferd med å gløyme kor viktig
trusfridomen er. Dette er ein konsekvens av den postmoderne tankegangen. Vi er
redde for å anerkjenne at noko er sant i seg sjølv, slik religionen er for
den som trur. Dermed misser vi også respekten for den som trur, og vi ser
ikkje det viktige i å kjempe for retten til trusfridom. Når ein i tillegg
opplever trua til visse grupper som forargeleg, er det lett å gjere vedtak
som innskrenkar trusfridomen.
Østtveit og viser til den franske sektlova som vart vedteken i 2001.
- Lova forbaud visse sekter, utan å definere nærare kva som kjenneteikna ei
«sekt». Dermed råka lova også ei rekkje små trussamfunn. Den franske lova
er alt blitt brukt i Kina som modell og påskot for å bli kvitt det dei
kallar «vonde sekter», som også omfattar kristne forsamlingar med klar
bibelsk vedkjenning.
- Sjølv i Sverige er utviklinga urovekkjande. I eit forslag til lovtekst frå
det svenske sosialdepartementet heiter det at «begreppet religion får inte
innebära att den stör samhällets lugn eller åstadskommer allmän förargelse»,
fortel Østtveit som meiner det er innlysande at ein slik lovtekst er i strid
med dei internasjonale konvensjonane.
- Det er utruleg at høgt utdanna menneske kan få seg til å skrive noko
slikt i ei offentleg utgreiing. Men det er like tankevekkjande at så få
protesterer mot det, seier han.