Sommerbrev fra en bokby

Av Mette Hofsødegård, Dag og Tid 5.7.03


TVEDESTRAND: Somme seier at dersom ein ynskjer seg noko inderleg sterkt, så vil heile universet jobbe for at det skal bli verkeleg. Ein handfull politikarar og kulturpersonar i Tvedestrand må ha hatt eit særleg sterkt ynskje, for no er draumen blitt levande: Bokbyen ved Skagerrak opna førre helg.

- Du vil ikkje tru for ein dugnadsinnsats som ligg bak denne opninga, seier Bjørg Haaland Bjørnstad.

Dag og Tid tek opningspromenaden i lag med denne lokale senterpartidama med fleire periodar bak seg i kommunestyret. Vi skjønar fort at Bokbyen ikkje berre er bygd på eit fromt ynske, men på sterk vilje. Vandringa går frå gågata i den øvre sentrumsdelen - Hovedgata - og tek av ned Hulgata, ei pittoresk og gammaldags trong sørlandsgate. Bjørnstad peiker med skrekkblanda fryd:

- Her var det berre tomme og mørke vindauge. Skikkeleg deprimerande har det vore. Det er topp for heile vesle Tvedestrand om dette kan gå rundt.

For kva gjer ein liten, sliten, bratt og hinsides koseleg sørlandsby når lysa vert sløkte i det som ein gong var eit pulserande og livleg sentrum med fiskarar og frisørar, kafear og småbutikkar med litt av kvart? Korleis kan ein snu den tunge stemninga som smittar frå dei mørke vindauga og over på folk? Ein må dra i lag om noko heilt nytt.


When you're smiling

Og det er ein fornya by vi går gjennom. Det glitrar i smil frå innfødde og tilreisande på opningsdagen. Duskregn og noko bygeverksemd legg ingen dempar på stemninga. Tvert om er det intimt under paraplyane, og Lillegårds tradband, henta inn frå nabobyen Arendal, gjev sitt bidrag til gleda med blant andre «When you're smiling». Vel plassert i ei hestekjerre, og med heidersgjestene i ei anna, leiar dei prosesjonen gjennom byen.

På rekke og rad ligg det omkring 20 bokutsal i den intime bykjernen. Oppe i hovedgata ligg Tvedestrand Bokhandel og Bokbaren, begge med nye bøker. Bokbaren har spesialisert seg på Poesi og alternativ medisin. Ikkje langt unna ligg Karins bokbytte. Galleri Tvedestrand med Kafe Den blå kube ligg vegg i vegg med eit av dei mest fotograferte husa i Noreg, «Strykejernet». Her er det kunst på veggene, moderne og delikat innreidd, og eit stort utval av kunstbøker, lyrikk og engelsk litteratur.

Nede i bakken mot hamna ligg Museumshaven Bok og Café, med reiselitteratur, geografi, polar og historie som spesialitet. I dei elegante omgjevnadene, med kjende litteraturfjes på alle kantar, var det den høgtidelege opninga fann stad. Klesdrakt, framtoning og konversasjonsmåte røper at fleire utlendingar har innfunne seg, dei gjev liksom ein europeisk kultursus over byen ved berre å vere til stades. Svært synleg med kongekrone på hovudet er Richard Booth, grunnleggjaren av den første bokbyen i verda Hay-on-Wye i Wales.

Mest kjend av dei norske, og i sentrum for merksemda, forteljarfenomenet Lars Saabye Christensen, vinnar av Nordisk Råds litteraturpris. Han hadde det ærefulle oppdraget å halde opningstalen.

- Eg likar ordet bokby. Både fordi eg likar bøker og byar, men òg fordi desse to orda saman er større enn seg sjølve, sa han. Og røpte at han gjerne skulle vore borgar av ein bokby.

Saabye Christensen streka under at bøker kan ha ringverknader, at dei både kan vere eit edelt mål og eit gylle middel.

At bokbyen både er eit mål og eit middel er ein klar tanke også for dei kreftene som står bak.

- Eg foreslo for politikarane at vi skulle ta pengar frå dei statlege overføringane til psykiatriplanen.

Kultursjef Jan Kløvstad smiler breitt i det raudlege skjegget.

- Vi tek poenget ditt, Jan, svara dei. I dag stilte 24 av 29 kommunestyrerepresentantar på opninga. Du veit, det at det lyser i vindauga, det er noko alle gler seg over. Også dei som i utgangspunktet ikkje er så overvettes interesserte i bøker.

Kløvstad fortel at med etableringa av bokbyen har folket i Tvedestrand kombinert dugnadsinnsats, litt kommunale garntnarpengar og gode nærings- og kulturinteresser.


Felles løft

Kløvstad legg ikkje skjul på sitt partipolitiske engasjement som venstremann, og han meiner at dette må då vere god venstrepolitikk. Men det er slett ikkje berre venstrefolk involvert. Eit godt sentrumspolitisk samarbeid har vore viktig for utviklinga av prosjektet. Solveig Rørvik er styreleiar for Bokbyen, og ordførarkandidat for KrF. Senterpartiets nærvær er allereie presentert med Bjørg Haaland Bjørnstad.

- Men det eg kanskje er mest stolt av, er korleis alle er med på å løfte fram mot opninga. Handelsstanden har måla og pynta, bygdekvinnelaget har laga og servert fiskesuppe til dei mange gjestene.

Så god var suppa at Dag og Tid kunne observere at ein av forfattarane forsynte seg tre gonger, blidare for kvar gong.

I Tvedestrand byrja ideen om ein bokby å utvikle seg for nokre år sidan. Journalisten Peter Svalheim prata om å opne antikvariat på Lyngør. Men det var berre eit problem med det, at det ikkje var ledige lokale på den idylliske øya. Då kom forslaget opp om Tvedestrand by. Her var det massevis av ledige lokale.

- At ein liten by som vår, har eldsjeler som Peter Svalheim er gull verdt, slår Jan Kløvstad fast.

Etter opningsprogrammet på formiddagen skulle borna ha sitt. Dei kledde seg ut, laga Bokorm, og vandra den nokså lange ruta frå Tjennaparken til rådhuset med svingande musikk og gjøgling. Sirkus Arnardo skulle ha framsyning i byen same dag, og jammen stilte dei ikkje opp saman med borna til ære for bokbyen. Nokre festlege minutt var gata i Tvedestrand som ein passasje i ein Fellini-film. Ved rådhuset rulla borna ut teppe og etablerte bokmarknad. For Bokbyen hadde bede born frå området om å ta med bøker dei har vakse frå, eller som dei fekk to av til jul, eller Donald-blada sine... Vi prata med ein elleve år gammal gut frå Tvedestrand som var svært så nøgd. Han hadde selt unna for 200 kroner, kjærkomne pengar å ta med på ferieturen som byrja til helga. Ringenes herre var hans personlege bokfavoritt.


Nisjeantikvariat

Vi fekk ein time «frileik» før eit mildt sagt mangfaldig kveldsprogram braka laus på fleire stader samtidig. Fritimen vart brukt til å gjere seg litt meir kjend blant bokutsala som vi hadde promenert forbi. Det er om lag 200.000 bøker i byen. Locus er eit av bokutsala som prøver å finne ein nisje med bøker om kunst, handverk, lokalhistorie frå heile landet, arkitektur og hagekunst. Innehavar Ragnhild Haug røper at ho òg har lyst på eit utval av plakatar. Litt lenger nede i gata held Nynorsk antikvariat til. Nynorsk antikvariat er representert med dei to største utsala i Tvedestrand, Nynorsk antikvariat og Skagerrak antikvariat. Nynorsk antikvariat legg særleg vekt på å vere gode på nynorsk litteratur, men ikkje berre det. Kjell Arve Straumsvåg, den eine av innehavarane, ser store fordelar med å vere utanfor Oslo.

- Her kan vi ha eit breiare utval og lågare prisar.

Han trur den mest aktive perioden for utsala vert frå mai til september. I den perioden vil det vere ei rekke arrangement i byen. Men Nynorsk antikvariat/Skagerrak antikvariat skal ha ope kvar dag heile året.

- Alle desse antikvariata står for ein viktig resirkulering av kulturverdiar i samfunnet, seier han. Nynorsk antikvariat er òg representert i Bokbyen Fjærland, og Straumsvåg er oppteken av å få fram at Tvedestrand er den andre bokbyen.

- Det er ikkje slik at vi skal konkurrere ut Fjærland, vi håper det er plass for begge to. Fjærland er og blir den første bokbyen i Noreg, seier Straumsvåg.

Det vert slørete, varm sommarkveld, og forfattarane lokkar folk innandørs. Men det er vanskeleg å velje når blant anna Øystein Lønn og den modigaste forfattaren i Noreg no, Walid al-Kubaisi, er på ein stad, og Anne Karin Elstad, Lars Saabye Christensen og Helge Seip er trekkplaster ein annan stad. Dei to førstnemnde skal lese frå bøker som kjem til hausten. Vi la vekt på alder, så Helge Seip trekte det lengste strået. Den snart 90 år gamle sosialliberalaren og tidlegare Dagblad-redaktøren var skeiv i kroppen, men stemma og orda var vakne og klare. Seip var sentral då Nordisk råds litteraturpris vart innført for 40 år sidan. Han understreka i si helsing til bokbyen at kulturfellesskapen er ein sterk faktor i Norden.

- Tenk korleis enkelte nordiske kunstverk og forfattarar bind oss saman i Norden. Holberg, til dømes, som både danskar og nordmenn vil eige. Eller den kombinerte folkehøgskule- og diktarimpulsen frå Grundtvig. Kva har ikkje desse hatt å seie for Norden, sa Seip. For sin eigen del var han glad for å få lest Snorre høgt for seg allereie før skulestart.

Seip kunne avsløre at sjølv om dei nordiske landa hadde ulike erfaringar frå siste krig, var det svært raskt etter krigen eit veksande medvit om å skape nordisk samhald. Etableringa av Nordisk Råds litteraturpris var eit vellukka trinn i den prosessen.

Så var det prisvinnar Lars Saabye Christensen som kom med avsløringar. Han leste høgt frå Maskeblomstfamilien, som kjem ut til hausten.

- Inga botanikkbok, kunne han forsikre publikum.

- Tvert om er det ein innandørs roman.

Guten Adrian held seg stort sett innandørs. Han bur åleine med mor si, faren er død. Har Adrian eit ærend ute, skundar han seg heim etterpå. Vi høyrde ein velkjent Saabye Christensen, og dei smakebitane vi fekk, gjev grunn til å gle seg til hausten.


Tillitsbokhandel

Han ville gjerne vere borgar av ein bokby, Lars Saabye Christensen. Var det ikkje slik vi kjende oss denne dagen og kvelden, sjølv om mange av oss ikkje er heimehøyrande i Tvedestrand? For borgar av ein bokby er vi vel alle som les. Desse fysiske stadene, Fjærland og Tvedestrand i Noreg, hjelper oss til å få auge på det; at skriving og lesing skaper fellesskap. Det er ein søt butikk i Bokbyen ved Skagerrak som uttrykkjer den ånda som bokbyen lever på: Gjestehuset Tillitsbokhandel, det einaste utsalet som er eigd av stiftinga Bokbyen ved Skagerrak sjølv. Dørene er opne, og ingen vaktar bokreolane. Her hjelper ein seg sjølv, leitar og finn, og tar med bok og betaling over til naboantikvariatet. Tillitsbokhandel. Samarbeid. Tiltru. Generøsitet. Det gjev ei god kjensle å vere bokbyborgar.

 




Tilbake til forsiden