Tenåringskultur - Voksenkultur


Vi sakser fra Norge Idag 13.09.03. 

Helge Johan Stautland/KPK.



" Boka "Tenåringer - hvorfor oppfører de seg slik", presenterer ein heilt ny måte å forstå ungdomar på. For å forstå tenåringar, må ein forstå kulturen, meiner forfattaren av boka, Nick Pollard.

Opp gjennom åra har det blitt gjeve mange svar på kvifor tenåringar oppfører seg slik som dei gjer. Nick Pollard frå England meiner det har blitt for enkelt.
- Tenåringskultur er mykje meir innvikla enn det mange trur, seier Pollard til Kristelig Pressekontor.

Forkastinga av Gud
Psykologen og den tidlegare studentpresten frå England meiner det faktum at verda har snudd ryggen til Gud, må ta skulda for mange av tenåringsproblema ein ser i dag.
- Tittelen på boka er eit spørsmål. Eitt av svara er at samfunnet ikkje lenger vil ha noko med Gud å gjere, uttalar Pollard.

Han skriv i innleiinga i boka at problema dagens tenåringar har, blant anna er tidleg graviditet, valdtekt og narkotika.
- Mange har meint at løysinga på narkotikaproblematikken er å driva med opplysning. Eg meiner det er feil utgangspunkt. Tenåringar veit at narkotika er skadeleg for dei. Men dei bryr seg ikkje om det. Det at ungdomar ofte keiar seg, kan vera ein av årsakene til narkotikabruk, meiner Pollard.

Skriven for ikkje-kristne
Pollard seier boka ikkje er ei typisk evangeliserande bok.
- Boka er hovudsakleg skriven for ikkje-truande. Meininga er at ikkje-kristne skal kunna lesa boka utan å føla at dei får kristentrua slengt rett opp i andletet. Eg meiner boka går svært varsamt fram når ho presenterer det kristne aspektet. Eg vonar ikkje-kristne, når dei les boka, vil forstå kor sterkt kulturen påverkar unge i dag, og kanskje etter kvart tenke på dei underliggjande måtane å forstå verda på i forhold til det kristen livssynet, seier Pollard.

Boka er oversett til fleire språk og vart nyleg utgjeven he ri landet av Lunde Forlag.
- Det at så mange land spør etter boka, viser berre kor globalisert ungdomskulturen har blitt, avsluttar Nick Pollard. KPK. "

Tilbake til forsiden