Per Lønning om den islamske utfordring



Dag og Tid nr. 1 2003 ved Ottar Fyllingsnes


Per Lønning meiner at den muslimske verda til no ikkje har teke eit kritisk oppgjer med eiga soge og med historielaus skrifttolking, medan kristenverda har vorte utfordra og tukta heilt frå opp-lysningstida.
- Det er viktig at me kjem på like fot her, om me skal koma vidare i den naudsynte dialogen mellom religionane, meiner den tidlegare biskopen i Borg og Bjørgvin.
[..........]

Per Lønning meiner at me treng ei klårleggjing av kva me meiner med toleranse.
- Ekte toleranse har ikkje det ringaste å gjera med likesæle, som er eit godt norsk ord for relativisme, seier han.

Den siste boka hans handlar om dialog og toleranse mellom verdsreligionane, og ho kom ut på engelsk i 2002.
- Me har hatt ein sterk falanks i økumenisk teologi som har gått svært langt i å hevda at me ikkje må driva misjon. Me må godta at dei andre har si tilnærming, og at me har vår. Målet med dialog er at alle skal godkjenna kvarandre som jambyrdige. Men ikkje minst i dei austerlandske religionane har det vore ein reaksjon som går ut på at Vesten har drive kulturimperialisme i fleire hundre år, og no nyttar dei toleransekravet til det same føremålet. Dei hevdar:
- Vesten vil undertrykkja oss, og når me ikkje lenger let oss lura til å tru at deira sanningar er dei rette, freistar dei å maktstela oss med sin eigen vesterlandske relativisme. Vesten trur ikkje på si eiga tru, men gjennom trulaus dialog vil dei freista å føra oss inn i det same, slik at me også skal seia at det eine er like godt som det andre. Slik vert dei som skrik høgast på toleranse, oppfatta som dei farlegaste døme på intoleranse. De trur ikkje på dykkar sanning, og de respekterer ikkje at me trur på vår, hevdar dei hine.
I den samanhengen hentar Per Lønning fram Herbert Marcuse, studentopprørets store filosof frå 1968; han som var med på å skapa uro i idédebatten den gongen, og som skapte uttrykket repressiv toleranse: Det er mogeleg å smila, nikka og bukka all rettkomen kritikk i hel.

Dei siste åra har Per Lønning også skrive bok om fundamentalisme.
- Det er òg eit ord som lett vert til slagord. Både toleranse og fundamentalisme kan fort nyttast på sjølvmotseiande vis. «Dei stygge fundamentalistane. Eg skal ta dei». Eg vil definera fundamentalisme som den store mistydinga. At eg trur på ei grenselaus sanning, provar at min måte å tru på - og ingen annan - er grenselaust sann. Ein forvekslar tru på sanninga med tru på si eiga tru på sanninga, seier Per Lønning.
Han meiner at relativisme og fundamentalisme båe kjem like gale ut.
- Når ein berre har ein tanke i hovudet, anten denne no går i den eine leia eller den andre, så vert ord så lett til slagord. Og dermed kjem ikkje samtalen i gang. Dialektisk teologi - i eit program som vart forma tidleg på 1900-talet - vil seie ein samtale der to sanningar får spela i lag, seier han.


Dei siste åra har det islamske innslaget vorte stadig sterkare her i landet. Biskop Gunnar Stålsett preikar dialog, medan Human-Etisk Forbund prøver seg med konfrontasjon.
- Kven støttar du?
- Eg har ikkje heilt klårt for meg kor langt Stålsett vil forfølgja konsekvensane her. I ungdommen, då eg kjende han betre, stod han på den ytste høgrefløya. Då eg var formann i presteforeininga og kjempa for at kvinnelege teologar skulle få verta medlemmer, var Gunnar Stålsett den som førte kampen imot. Han har svinga frå ei ytterfløy til den andre.
- Følgjer du han i dag?
- Skulle eg svara på dette, laut eg vita tydelegare kvar han vil føra meg av. Det finst absolutte sanningar, men det finst ikkje ein absolutt måte å stella seg til sanninga på. Dersom ein ikkje greier å få dette klårt fram i samanheng, så veit ikkje eg. Av og til har eg sagt litt sjølvironisk at eg er fanatisk sentrumsmann, seier Lønning - og ler, før han legg til:
- Men det kan no vera litt av ei sjølvmotseiing. Poenget er dette med å ha to tankar i hovudet på ein gong. Det eine er at sanninga er, og at det viktigaste er å ta sanninga på alvor. Det andre er at eg ikkje er kar for å femna heile sanninga, og at det eg kan få til av formlar og teoriar aldri dekkjer sanninga i sin heilskap, seier han.
Og legg til:
- I si tid hadde eg problem med å diskutera med den superkonservative Stålsett. I dag har eg kan henda større problem med å diskutera med den frilynde.
[...]

Per Lønning viser til at kristenverda har vore gjennom ei dramatisk utvikling dei siste 250 åra.
- Me fekk opplysingskulturen med historisk kritikk, og alle tradisjonelle tankar måtte gjennom eit syrebad. Det har trekt med seg relativisme hjå mange i vår del av verda. Samstundes har det ført til at kristen tenking har måtta ta historia på alvor. Me laut øva kritikk av vår eiga kyrkjesoge og venja oss til ei historisk bibelgransking. Islam har ikkje vore gjennom eit slikt syrebad og står på mange måtar der me stod for 250 år sidan, seier Lønning.
- Det er difor heilt umogeleg å argumentera med ein typisk islamist. Han står heilt framand for historisk metode. Han kan ha som sitt utgangspunkt at alt det som han trur, og alt det som tradisjonell islam les ut av Koranen, står fast. Og dermed kan han gå laus på oss og nytta vesterlandsk bibelkritikk til åtak på kristen teologi; alt medan dei ikkje underkastar seg noka form for kritisk prøving sjølve. Det er ein heller liten del av den islamske verda som kan stella seg open til spørsmålet om historisk sanning. Men ein finn det og; særleg i Nord-Afrika. Det som er dokumentert av islamsk ideologi her i landet, er for det meste håplaust. Dei er ikkje klare til å medgje det som er fundamentet for all dialog. I ein duell skal ein ha same våpen, og i ein debatt om historiske sanningar må ein nytta same metoden i analysen av seg sjølv og den andre.

Per Lønning meiner samstundes at islam har vore ein stimulans for store delar av menneskeætta til å ta livet på alvor.
- Dersom me kunne byta ut all verdas islam med moderne vesterlandsk relativisme, ville ikkje det ha vore noko godt byte. Slagordtolerante kristne har ikkje lite å læra av muslimsk overtydingstruskap.
- Fryktar du framveksten av islam i Noreg?
- Det som ein kan frykta, er møtet mellom ein kultur med eit så høgt og sterkt sjølvmedvit som den muslimske framleis har, og ein kultur med eit så ringt og på mange vis forvirrande sjølvmedvit som du finn mellom innbarka nordmenn i Noreg. Me på vår side er heller ikkje rusta til dialog, så lenge me dreg på kvasitoleranse som får oss til å dra på akslane og hevda at det eine kan vera like godt som det andre.

Per Lønning meiner at nærværet av muslimsk sanningsvilje kan vera ein positiv impuls som kan setja spørjeteikn ved vår relativisme.
- Men samstundes er det eit problem når svært ulike kulturar skal rørast i hop på stutt tid. Den rotløysa som mange born i muslimske familiar opplever når dei veks opp hjå oss, gjer meg uroleg. Eg saknar ein prestisjefri debatt om korleis me skal møta ei slik utfordring, og eg finn lite av oppmuntrande teikn på at denne samtalen er undervegs. Skjellsordet «rasisme» ligg så snåvande nær når nokon vågar å reisa spørsmålet, seier Lønning.
- Det finst dei som vil skulda meg òg for rasisme når eg seier kva eg meiner, men eg synest at den slepphendte importen av svigersøner er skremmande. Mange muslimske jenter får brudgommane sine frå Pakistan, og dei som kjem, er mykje godt utan førehandskontakt med vesterlandsk kultur. Med den makta dei får over konene sine, vert dei ein svært negativ faktor med tanke på integrering og dialogutvikling.
Per Lønning meiner at kommunalminister Erna Solberg hadde mykje rett då ho peika på at imamane har sterk autoritet som rettleiarar.
- Ein kristen prest har langt frå slik autoritet i dag. Imamen kjenner ikkje vår kultur, og får i røynda si fremste oppgåve med å hindra ei integrering i norsk kultur.

Per Lønning omtalar kristenforfølginga i ein del islamske samfunn kringom i verda, som ein skandale.
- Av politiske grunnar vert det ikkje snakka særleg ope om det heller. I mange land er ein person som går over frå islam til kristendommen, i livsfare. Når statsministeren skal reisa til Kina og Burma, er me opptekne av menneskerettane, men ingen spør vår heimlege muslimar kva dei gjer for å få slutt på dei til dels blodige kristenforfølgingane fleire stader i verda, seier Per Lønning.

 

 

 

 

Tilbake til forsiden