Vikingene - en del av norsk kultur
Historie er en viktig del av en nasjons identitet. Av den grunn finner NORSK
KULTUR grunn til å trykke opp noe som professor Magnus Rindal skrev i
Dagbladet for to år siden:
"På Sørenga, som bør reknast med i planane for Bjørvika-utbygginga,
skal Universitetet i Oslo reise eit nytt kulturhistorisk museum. Her kan vi
for fyrste gong få ein samla presentasjon av norsk vikingtid, ei utstilling
som vil vekkje stor internasjonal interesse. Men vilkåret for at dette skal
lukkast, er at vikingskipa blir ein del av utstillinga. I dag er desse skipa
oppbevarte i Vikingskipshuset på Bygdøy. Der finn vi tre skip. Tuneskipet
blei grave ut i 1867 i Rolvsøy i Østfold, Gokstadskipet i 1880 i Sandar i
Vestfold og Osebergskipet i 1904 i Slagen i Vestfold. Alle tre skipa var
brukte til gravlegging i haug. På dendrokronologisk grunnlag kan gravkammeret
frå Oseberg daterast til 834 og Gokstadskipet til ca. 904. Tuneskipet er
truleg frå rundt 900. Desse skipsfunna var sensasjonelle, fordi ein for
fyrste gong fekk eit skikkeleg inntrykk av vikingskipa. Tidlegare hadde ein i
hovudsak berre sagaene å byggje på.
[..]
Vikingtida (ca. 800 til ca. 1050) er den perioden i norsk historie som vekkjer
størst internasjonal interesse, både blant forskarar og blant publikum. Det
fremste symbolet på denne epoken er vikingskipa, slik dei er utstilte på
Bygdøy. Dei gjev ein ypparleg illustrasjon på det som framfor alt særpregar
perioden.. I denne perioden dyrka folk Odin, Tor og dei andre norrøne gudane,
skreiv med runer og skapte framståande kunst. I dag er det dette biletet som
pregar den utstillingsbaserte formidlinga av den norske vikingtida. Men
kjeldene viser oss eit samfunn som også har andre sider.
I løpet av vikingtida blei det etablert fire større lagting. Fyrst Gulating
og Frostating, for Vestlandet og Trøndelag, deretter Borgarting og
Eidsivating, for kystområdet og innlandet på Austlandet. Desse lagdøma
hadde sine eigne lover. På tinget drøfta ein saker av felles interesse, og
tinget hadde ansvaret for rettsordninga.
I vikingtida blei store delar av Noreg samla til eitt rike, under Harald Hårfagre.
Etter Snorres framstilling kom desse ynglingekongane frå Vestfold. Nyare
forsking tviler på dette. Vestfold var på denne tida stort sett under dansk
kontroll, og det er grunn til å tru at Harald Hårfagres maktgrunnlag var å
finne i det indre Austlandet og på Vestlandet.
Mange har prøvd å finne ut kven som er gravlagd i Oseberghaugen og i
Gokstadhaugen. Vi har enno ikkje svaret. Skipsbegravingar er ofte omtalte i
dei skriftlege kjeldene. Og i det norske landskapet ser vi enno mange
majestetiske gravhaugar, som også har vore viktige maktsymbol. Fremst av dei
står Borrehaugane i Vestfold, den største samlinga av fyrstegraver i
Nord-Europa. Dette gravfeltet har vore i bruk frå ca. 600 til ca. 900.
I 1995 feira vi tusenårsjubileet for Den norske kyrkja. Noreg blei altså
kristna i vikingtida. Med kristendomen fekk vi prestar, biskopar og helgenar,
og blei del av den katolske kyrkja. Folk bygde kyrkjer, og dei døde blei
ikkje lenger lagde i haug, men gravlagde på kyrkjegarden. Og den nye trua førte
med seg store forandringar for folks daglegliv.
I vikingtida og nokre hundreår før laga nordmenn tekstar ved hjelp av runer.
Desse tekstane er vanlegvis korte, og kan ikkje fortelje så mykje om norsk
historie. Med kristendomen kom det eit nytt skriftsystem, med latinske
bokstavar, og den nye kyrkja trong tekstar til forkynning. Etter kvart blei
det laga pergamentbøker, og dei eldste lovene for kyrkje og kristendom blei
truleg skrivne ned i gammalnorsk språkform allereie før 1050.
Dei eldste norske byane oppstod i vikingtida. Tønsberg er ikkje så gammal
som tradisjonen vil ha det til. Men arkeologiske undersøkingar har påvist at
både Trondheim og Oslo er eldre enn det dei skriftlege kjeldene seier, og
begge er grunnlagde i vikingtida.
Denne skisseprega gjennomgangen av nokre viktige sider ved kultur og samfunn i
Noreg i vikingtida, viser at det vitskaplege arbeidet med denne perioden
inkluderer mykje meir enn det som sjølve vikingskipa og gravfunna er uttrykk
for. Det krevst ei brei fleirfagleg tilnærming, der både arkeologar,
historikarar, kunsthistorikarar, religionshistorikarar, filologar og andre
deltek. Den same breie tilnærming må også prege den populærvitskaplege
formidlinga, enten det skjer gjennom historiebøker eller ved
museumsutstillingar.
I dag er det ingen stader i Noreg vi har det vi kan kalle eit
vikingtidsmuseum. Men det kan vi no få til ved ei samla museumssatsing på Sørenga
i Oslo.
På Sørenga ligg ruinar og levningar av dei fleste sentrale bygningane i den
mellomalderbyen som frå 1314 kan reknast som Noregs hovudstad. Uttrykket «Nordens
Pompeii» har vore brukt om denne delen av byen, fordi det elles i Norden
ikkje finst så mykje restar av bygningar frå mellomalderen. Her skal etter
planane universitetets nye kulturhistoriske museum reisast.
Vi har nettopp feira tusenårsjubileum for Oslo, som blei grunnlagt i
vikingtida. Denne dateringa er basert på dei arkeologiske undersøkingane av
Klemenskyrkja, Oslos eldste soknekyrkje, og gravene under den. Denne
kyrkjeruinen ligg i mellomalderbyen på Sørenga, i kort avstand frå det
planlagde museet.
På Bygdøy ligg Vikingskipshuset, landets best besøkte museum. På Tullinløkka
ligg Historisk museum, med ei stor samling frå vikingtida, og med ei eiga
utstilling om denne perioden. Materialet frå Bygdøy og frå Tullinløkka bør
presenterast samla for eit interessert nasjonalt og internasjonalt publikum.
Men ingen av dei to stadene har eit arealmessig grunnlag for ei slik samling.
Men eit slik grunnlag finst på Sørenga. No vil nokon hevde at skipa høyrer
heime på Bygdøy, for der utgjer dei ein del av eit større maritimt miljø.
Det er rett, men vi må ikkje gløyme at desse skipa blei funne i gravhaugar,
og Arnebergs monumentale bygg forsterkar inntrykket av eit gravmæle. Og frå
museet kan vi ikkje sjå sjøen. Ved ei flytting til Sørenga kan skipa kome i
kontakt både med sjøen og resten av vikingtidskulturen. Og dei turistane som
i framtida vil ha med seg det maritime miljøet på Bygdøy, kan dra sjøvegen
til Sørenga og slik få med seg flott oversikt over Aker Brygge og
festningsanlegget på Akershus. På Bygdøy har vi ikkje berre skipa, men også
mange svært verdifulle gjenstandar frå utgravingane. I dag er tilstanden til
desse gjenstandane slik at det er eit tvingande behov for ny konservering.
[..]
I 2011 feirar Universitetet i Oslo tohundreårsjubileum, tre år seinare kan
Oslo by feire sjuhundreårsjubileum som rikshovudstad. Dersom alle gode
krefter arbeider for det, vil vi i desse jubileumsåra kunne besøkje eit nytt
universitetsmuseum i mellomalderbyen på Sørenga, med ei storslått
vikingtidsutstilling med dei praktfulle skipa i sentrum, eit museumskonsept
som vil vekkje internasjonal oppsikt."