Tyrkia i EU: Sjølvmord - eller ei ny europeisk historie?


Walid al-Kubaisi  skriver i kommentarspalte  i Dag og Tid nr. 52, 2004

"Den europeiske delen av Tyrkia er ikkje større enn ein muselort på kartet, men vekkjer rettkomen skepsis frå europearane: Røyster i EU skrik at Tyrkia inn i EU er sjølvmord for Europa, medan tyrkarar i Sør-Tyrkia ropar: «Europa er frå Stockholm til Diarbekr».

Begge frontar har sine grunngjevingar. Mange europearar ser framleis dei tyrkiske spøkjelsa frå fortida som eit trugsmål mot integriteten, kristendomen og kulturen deira; Konstantinopel vart hærteken, endra til islam-pol (Istanbul) og var hovudstad i det tyrkiske imperiet i fire hundreår. Ein stor del av Europa: Bulgaria, Serbia, Hellas, Ungarn og Romania vart lagde under tyrkisk herredømme. Wien vart omringa, men europearane innsåg islamiseringsfaren, oppheva kringsetjinga med makt, underteikna ei avtale i 1699, og frå då av var det osmanske trugsmålet definitivt over.

Men spøkelsa frå fortida vaknar no, trass i at det nye Tyrkia har gått gjennom 75 års reformasjon og sekularisme. Denne sekularismen har Europa sett på som ein europeisk siger over islam og dei islamske røtene til Tyrkia. Men sekularismen i Tyrkia er ikkje den same som i USA og Frankrike, der stat og kyrkje har skilt lag. I Tyrkia vart sekularisme definert som total kontroll av religionen. Medan religionen i dei demokratiske landa har fridomen sin utan kontroll og forfølgjing, ja, han er ein del av det mennesket har trong for: Slik ein treng ein lækjar, treng ein ein prest samstundes. Ei slik sekularisert utvikling var fråverande i den tyrkiske praksisen. Folk levde på den muslimske planeten, medan den herskande eliten etterlikna Vesten og såg på det som modernisering. Folk kasta ikkje vrak på sine eigne islamske røter. Medan den militære institusjonen har halde fortet ved denne typen streng sekularisme som bar i seg ei flukt frå den ulukkelege arven frå det ottomanske imperiet, med krigar, blod og fiendskap til resten av verda: Europa, Russland og arabarane. Denne 75 års sekularismen har sett bort frå den tyrkiske historia og den islamske identiteten: Atatûrks Tyrkia har neglisjert at Tyrkia er ein del av Midtausten.
.........
I den muslimske verda vert EU-medlemskap sedd på med ambivalens: Det fjerne og frykta Europa vil koma nærare den muslimske verda: Tyrkia i EU inneber at Brüssel får sams grense med Syria, Irak og Iran.

Det kan kanskje føra til demokrati og reform, men samstundes gje muslimane fri inngang til Europa som frå før slit med ei islamsk utfordring med 50 millionar som minoritetar i England, Frankrike, Spania osb.
 

Tilbake til forsiden