Om Kulturarven

 

Nettavisen KULTURARVEN  - kyst - by - innland, som har kommet med fire nettaviser i året,
har nå også fått et eget medlemsmagasin, kalt Kulturarven:



Vi lever i ei tid med mange spørsmål og få svar.
Vi leitar alle etter oss sjølve - vår eigen identitet, draumane våre og
framtidsutsiktene våre i eitt nytt tusenår.
 
Å kjenne kulturarven sin er det same som å kjenne
seg sjølv.
Noreg er eit land rikt på kultur og historie og har god grunn til å vera
stolte av kvar vi kjem frå.
 
Den norske kulturarven er meir enn tømrastabbur og
torvtak.
Tradisjonell forteljarteknikk, musikk, dans, dialektar,
arkitektur, handverk og det norske kulturlandskapet er
kjelder både til glede og inspirasjon.
 
Stiftinga Norsk Kulturarv arbeider under mottoet
"vern gjennom bruk". Tanken bak er at bruken av norske
kulturminne og kulturarv skal gje midlar som kan
attendeførast til næringsutvikling og vedlikehald av desse.

Aktiv bruk og tilgjengeleggjering av vår felles kulturarv
er nødvendig for at våre etterkommarar òg skal få glede
av han. Vi har alle eit ansvar for å ta våre på og vidareføra
den felles kulturhistoria vår.
 
Å veta kor vi kjem i frå, kunnskapen om den lokale og nasjonale historia og kulturen vår,
er med og formar kvar og ein av oss som individ .
 
Magasinet Kulturarven fokuserer på mangfaldet av verdiar som er med og formar den personlege og nasjonale identiteten vår.

Les mer på: http://www.kulturarv.no/

 


 

Tilbake til forsiden