Mislykket maktutredning


 I Dag og Tid for  21.01.06 har   Svein Gjerdåker
 et intervju med sosiologiprofessor Roar Hagen i Tromsø:
 
“Den politiske arenaen vert overlaten til økonomane og til dei som tenkjer på menneska som rasjonelle egoistar,. Klasseomgrepet er ikkje brukande til å analysera det norske samfunnet, rett og slett fordi Noreg ikkje er eit klassesamfunn, seier sosiolog Roar Hagen, som har skrive ei vitskapeleg bok om nyliberalismen og samfunnsvitskapane.
– Det er klart det finst sosiale skilnader, men ein får langt meir innsikt av å sjå samfunnet som oppdelt i ulike sfærar enn i ulike klassar: Sfærar som religion, familie, politikk, vitskap, økonomi, massemedium og sport. Menneska deltek i alle desse sfærane på ein eller annan måte, seier Roar Hagen,
– Utfordringa for samfunnsvitskapane er å prøva å skjøna kva høve individa har innanfor desse sfærane og korleis einskildindivida best skal kunna delta innanfor kvar sfære.

Hagen meiner at problemet med klasseomgrepet oppstår når ein skal definera alternativa til det noverande samfunnet. Ei klasseforståing gjer at ein lett kjem opp med fellesskapsmodellar der alle borgarane skal vera med på å avgjera alt. Det vert utopisk.
Den siste maktutgreiinga er merkt av den same tenkjemåten. Dei stiller òg opp ideal for samfunnet som ikkje er realistiske. Eg meiner at Øyvind Østeruds maktomgrep er for utydeleg og for vidtfemnande. Makt vert for Østerud alt, og dermed vert maktanalysen til slutt til ingenting.

. Og samfunnsvitarane på venstresida korkje kan eller vil hjelpa til. Dei ventar i staden på eit eller anna diffust deltakardemokrati som skal omfatta alle, og klarer ikkje å forsyna det politiske systemet med adekvate teoriar og eit alternativ til den bedriftsøkonomiske tenkinga.
 
– Problemet for venstresida er at store delar av norsk samfunnsvitskap trivst best som opposisjonsvitskap, på same måte som SV tydelegvis trivst best som opposisjonsparti. Når dei kjem i posisjon, manglar dei omgrepsapparat som set dei i stand til å sjå alternative løysingar.
 
Hele artikkelen:
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=587
 

Tilbake til forsiden